Synneva Ølversdotter Fausk f. Sandvik (1887 – 1912) og Halvard Martin Kristoffersen Fausk (1882 – 1957)
GIFT: 1910. BUSTAD: Fausk i Omvikdalen
Synneva og Halvard gifter seg den 10. juni 1910. Torbjørn J. Musland er forlovar saman med Kristoffer K. Fausk, bror til Halvard. Synneva og Halvard slår seg ned i barndomsheimen til Halvard på Fausk i Omvikdalen.
På garden på Fausk bur og Halvard si storesøster, Rakel, og stefaren Tollev J. Fausk, enkemann etter mor deira som døydde 1909. I tillegg til å vera bonde arbeider Halvard på Dimmelsvik tønnefabrikk (opprinneligt kalla Hardanger Dunkefabrikk).
Dottera Sara vert fødd
Den 25. november 1910 får Synneva og Halvard ei dotter. Ho får namnet Sara etter mor til Halvard.
Fadrar er:
Alis K. Sandvik mor til Synneva
Rakel K. Fausk, søster til Halvard
Sofie K. Bjørnebøle, søskenbarn til Synneva
Johannes Ø. Sandvik, bror til Synneva
Synneva dør
Den 9. mars 1912 dør Synneva. Ho har enno ikkje fyllt 25 år. Kyrkjebøkene seier ingenting om dødsårsak. Dottera Sara er berre 1,5 år gammal.
Halvard gifter om seg.
Den 1. november 1917 gifter Halvard om seg med Marta Jensdtr Guddal (1892 – 1960).
Sara er 9 år då ho får ei lita halvsøster Synneva, fødd 1919. Jens vert fødd 1920 og Magnhild 1931.
Sara konfirmerar seg den 4. oktober 1925 og ho gjer det bra. Karakteren i Kristendomskunskap blir “Meget god”.
Som vaksen slår Sara seg ner i Utne i Hardanger. Ho kjem ikkje til å gifta seg.
Synnevas foreldre og sösken
1. | Husmor, jordmor Alis Sofie Kristoffersdtr Bjørnebøle ble født 8 Jul 1855, Bjørnebøle, Kvinnherad, Hordaland, Norway; og døde 11 Nov 1943, Øvre Sandvik, Kvinnherad, Hordaland, Norway.Alis giftet seg med Ølver Gjertsen Sandvik 25 Nov1874, Kvinnherad, Hordaland, Norway. Ølver (sønn av Gjert Johnsen Kjerland og Synneva Gundersdtr Undarheim) ble født 22 Apr 1824, Kjerland, Kvinnherad, Hordaland, Norway; og døde 2 Jul 1923, Øvre Sandvik, Kvinnherad,
|
Astrid Haugland
Til Synneva sine foreldre, Ølver Gjertsen Sandvik og Alis Sofie Kristoffersdotter Sandvik.