Johannes Torbjørnsen ( 1842 – 1908) og Johanna Haktorsdotter (1842 – 1919)
BUSTAD: Musland i Uskedalen i Kvinnherad kommune
Johannes Torbjørnsen og Johanna Haktorsdotter gifter seg den 13. november 1873. Begge er 31 år. Johanna er fødd og oppvekst på Skorpo i Uskedalen og der får det nygifte paret sin første heim.
Ein liten gut kjem til verda på Skorpo den 21. mars 1874. Han får namnet Torbjørn etter far till Johannes som heitte Torbjørn Nielsen og var husmann på Heleflaat under garden Sande i Etne til han døde 1867. Fadrar på vesle Torbjørn er blandt andre Johanna sine søsken Anna Haktorsdotter Øye og Lars Haktorsen Skorpen, og dessutan bror til Johannes, Nils Torbjørnsen Musland. Han er bonde på Øvre Musland i Uskedalen der han eig garden med løpenr. 332 (i dag gardsnr 127, bruksnr 4).
Johannnes kjøper gard på Musland
I 1875 blir Johannes nabo med bror sin Nils på Musland. Johannes kjøper då nabogarden som har løpenr. 331 (i dag gardsnr 127, bruksnr 3), «med paastaaende Huse og til og underliggende Herligheder» av gardbrukaren Torkel Hansen og kona Britha som er barnlause. For garden får han gje 300 specidaler. Pengane till kjøpet lånar Johannes av fru Mariane Langballe for 5 prosent årleg rente og rentesrente.
I kjøpet ingår at Johannes «efter nærmere oprættede Kontrakt, svarer mig (Torkel Hansen) og Kone Britha Farteinsdatter aarlig Vilkaar saalenge vi lever».
Av vilkårsbrevet framgår det at Johannes skal garantera Torkel og Britha ”2 – to – Koers og 4 – fire – Faars forsvarligt Vinterfoster og Sommerbeite, 12 Voger vel renset Havrekorn og 3 – tre Tønder Poteter”. Torkel og Britha skal ”saa længe de selv finder for godt, høste Græsset af Bøstykket ‘Osperabben’ kaldet, samt derstedts anlægg Agerflæk efter eget behag, det dæraf høstede Græs skal anvændes til Foder for de 2de nævnde Koer”. Dei skal óg ha ”Frihed at opføre, som deres Eiendom, et Vaaningshus på det sted på Gaarden de selv bestemmer.”
Torkel og Britha blir buande på Musland til Torkel dør 1893. Då flyttar Britha først til søster si Martha på Kjerland og deretter till barndomsheimen på Rød.
Johannes og Johanna får fleire barn
Den 17 mai 1876 blir Torbjørn på 2 år storebror når søstera Alis blir fødd. Alis vert oppkalla etter mor til Johanna, Alis Larsdotter. Fadder på Alis er blandt fleire Guro Pedersdotter Skorpen, kona til Johanna sin eldste bror Lars Haktorsen Skorpen.
Den 30. januar 1880 kjem ein gut som får navnet Haktor etter far til Johanna, Haktor Olsen som driv gard på Skorpo.
Den 7. april 1883 får Johannes og Johanna ein liten Johannes. Han vert døypt den 22. april og dør frå dei den 28 april same året.
Minstejenta Gjertrud vert fødd den 5. desember 1884 og oppkalla etter mor til Johannes og Nils, Gjertrue Johannesdotter. Mora budde sine siste år som vilkårkone hos Nils på Musland der ho døde av skarlagensfeber den 2. november 1872. Ho fekk derfor aldri sjå nokre av barnebarna sine.
Broren Nils får ny familie
Nils miste første kona si Martha, i 1872. Dei hadde berre vore gifte eit års tid. Med Martha fekk han sonen Martinus, som vart fødd 15. november 1872, samme dagen som mora døydde av skarlagensfeber.
I 1874 gifter Nils seg med søskenbarnet sitt Anna Johnsdotter frå Kaldestad på Husnes. Johanna er fadder når Nils og Anna 1875 døyper første barnet sitt Tobias Johan. Fadrar er og to av Anna sine søsken Morten Johnsen Kaldestad og Kari Johnsdotter Kaldestad. Mor deira Anna Nielsdotter er søster til far til Nils og Johannes og er gift på Kaldestad med gardbrukaren John Johnsen.
I 1877 er både Johanna og Johannes fadrar då John skall døypast på nabogarden. Han dør i oktober året etter.
Nils og Anna får dottera Nilsina Johanna den 22. februar 1879. Ho vert døypt heime samme dag av Anders Torgersen Musland.
Nils og Anna flyttar frå Musland
Nils og Anna har bestemt seg for å flytta til Kaldestad. I 1880 kjøper Nils ein del av garden til svigerfar sin John Johnsen. Det er den delen som kallast Teigen eller i daglegtale «Jonseteigen» (Gnr. 147, Bnr 5). Dottera Gjertrud Alida vert fødd på Kaldestad 14. oktober 1881. Sonen Sæbjørn vert fødd 1886 og Jon 1888.
Søskenbarnet til Nils og Johannes på farsida, Morten Johnsen, overtar 1881 hovudbruket på Kaldestad etter far sin (Gnr. 147, Bnr 4). Foreldrene hans blir vilkårsfolk på garden.
Nils sel garden på Musland
Først i 1885 sel Nils sin gard på Musland til søskenbarnet sitt på morsida Johannes Paulsen Elvekroken for en kjøpesum av 2000 kroner. Johannes og familien få dermed nya naboar.
Sørgebudskap frå Kaldestad
I slutten på september 1889 kjem de bod frå Kaldestad at to av barna til Nils og Anna, Tobias Johan på 14 år og Sæbjørn på 3 år, begge døde av av skarlagensfeber den 25. september. Den 7. oktober dør så Gjertrud Alida på 8 år og den 8. oktober dør minstebarnet Jon på 1 år av samme sjukdommen.
Av Nils og Anna sine seks barn er det berre Nilsina Johanna som skal leva til vaksen alder. Ho kjem til å gifta seg med Øyvind Bertelsson Solhaug men dei får inga barn. Martin utvandrar til Amerika 1891, 19 år gammal.
I 1896 køper Nils hovudbruket på Kaldestad då dette kjem på auktion i dødsbuet etter søskenbarnet hans Morten Johnsen og kona hans Synneve Jonsdatter Kaldestad.
Nils fortset å livnæra sig som gardbrukar og skomakar på Kaldestad.
Hos Johannes og Johanna på Musland
Åra går på Musland og. Johannes og Johanna arbeider hardt med hus, heim og gard. Johannes driv og med fehandel.
Ungane veks til og 1888 er det tid for Torbjørn å konfirmera sig. Han er ein flittig konfirmant og får omdømmet God (3) i Kristindomskunskap. Men søstera Alis er nok enno flittigare for hennar omdømmet blir Meget god (2) når ho blir konfirmert to år seinare. Det er det ikkje så mange som klarar sjølv om Haktor og Gjertrud ikkje er langt unna 1894 og 1898. Begge to får omdømmet Næsten meget god (2,5). Johannes og Johanna kan vera nøgde med barna sine.
I år 1900 bur framleis alla barna heime. Bortsett frå å hjelpa til på garden så har Torbjørn, som no er 26 år, gått i faren sine fotspor og blitt fehandlar. Alis som er 24 år, arbeider som skreddar. Haktor er 20 år og tar på seg ulike slag av jordarbeid både på garden heime og for andra bønder. Gjertrud på 16 år tar og eit tak på garden. Ingen av dei har gift seg enno.
Alis gifter seg med Andreas Helvik 1902
Alis blir den første av barnen til å skaffa seg eigen familie. Ho gifter seg 1902 med tømmermannen Andreas Severin Olavsson. Han er fødd i Finnås men busett i Helvik.
Torbjørn gifter sig med Aletta 1807>>
Namn: | Johannes | Namn: | Johanna |
Torbjørnsen | Haktorsdotter | ||
Fødd: | 14. februar 1842 | Fødd: | 3. juli 1842 |
Stad: | Fjellandsbø, Skånevik | Stad: | Skorpo i Uskedalen |
Far og mor: | Torbjørn Nielsen og Gjertrue Johannesdotter | Far og mor: | Haktor Olsen og Ales Larsdotter |
Død: | 12. februar 1908 | Død: | 31. desember 1919 |
Orsak: | Kreft | Orsak: | |
Stad: | Øvre Musland i Uskedalen | Stad: | Øvre Musland i Uskedalen |
Yrke: | Gardbrukar | Yrke: | Husmor |
Gift: 12. juli 1841 i Skånevik kommune |